
ZEUTHEN / ANDERSKOV / VESTERGAARD
Fredag 3 juni
Dansk generasjonsmøte
JESPER ZEUTHEN altsaksofon JACOB ANDERSKOV piano ANDERS VESTERGAARD trommer
Eit vedvarande samarbeid mellom tre generasjoner av danske kremutøvarar i grenseland mellom ekspressiv frijazz og abstrakt soul. Senior på scena, saksofonisten Jesper Zeuthen, har vore ein premissleverandør i dansk jazz sidan sekstitalet, medan Jacob Anderskov er den mangfaldige tangentmannen som har jobba med Michael Formanek og vart nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2018. Ungdommen er representert ved Anders Vestergaard, den eksperimentelle undergrunns-trommeslagaren frå Yes Deer og Girls In Airports. Frittflygande musikk i nær telepatisk samspel.