STIAN WESTERHUS
Lørdag 29 mai Røkeriet
Gitartrollmann med powertrio
STIAN WESTERHUS gitar STÅLE STORLØKKEN tangentar ERLAND DAHLEN trommer
Hendrix møter Ligeti til fribryting… Nyskapande strekkjer liksom ikkje heilt til når ein skal beskriva Stian Westerhus og musikken han lagar. Han er like heime i metallduoen Monolithic som i Spellemann-vinnande samspel med Sidsel Endresen. Eller lydskulptør med Nils Petter Molvær, komponist for Trondheim Jazzorkester og impro i Puma, for ikkje å snakka om hypnotiske solokonsertar. Med ny trio tar han eit nytt steg i å skapa banebrytande og brutal, men tilgjengeleg musikk. På scena stiller han med nyss Buddy-påskjønte Ståle Storløkken (Elephant9, Supersilent) og Erland Dahlen (nesten alle).
«Jeg kommer til å drømme søtt om King Crimson og se Bowie balansere på ytterkantene.» jazzinorge.no
Foto: Voldseth
ARTISTER SAMME DAG:
RØKERIET: JAGA JAZZIST
RØKERIET: STIAN WESTERHUS
STUDIO USF: tba