top of page
StianCarstensen-kred-Julie-LoenWEB.jpg

STIAN CARSTENSEN & ROMKAMERATENE

NATTJAZZ - USF VERFTET
Søndag 28. mai

Ild og tristesse!

 

STIAN CARSTENSEN trekkspel, diverse GIANI LINCAN cimbalom FILIP "FEKATA" SIMEONOV klarinett OLE MORTEN VÅGAN kontrabass

 

Farmers Market-general og trekkspelspelar i verdsklasse, Stian Carstensen, hentar over det beste Balkan har å by på i Giani Lincan – kanskje den beste i galaksen på cimbalomet, kompakt stamfar til pianoet, der musikaren sjølv slår hammaren mot strengene. Frå Bulgaria kjem klarinettlegenda Fekata, profesjonell musikar sidan han var 11, og er eit musikalsk leksikon anten det er gresk, makedonsk, rumensk, tyrkisk eller arabisk musikk på scena. Superbassist Ole Morten Vågan (Trondheim Jazzorkester, Motif, Bugge Wesseltoft) bind det heile saman i ei akkurat passe respektfull blanding av fandenivaldsk spontanitet og djupe tradisjonar.     

Foto: Julie Loen

bottom of page