Sons-of-Kemet_UdomaJanssenWEB2022.jpg

SONS OF KEMET

Fredag 3 juni

Musicians shaping the future of jazz (Downbeat)

SHABAKA HUTCHINGS saksofon, klarinett TOM SKINNER tuba THEON CROSS slagverk EDDIE HICK slagverk

 

Ikkje la deg lura av ei underleg instrumentfordeling. Sons of Kemet speler ein eksplosiv miks av karibisk folkemusikk og jazz, der frontmann Shabaka Hutchings står med ein fot i vestleg tradisjon og ein fot på Barbados. Undervegs har Hutchings blitt omtalt som framtida i jazzen av Downbeat, og vunne MOBO Award for 'Best jazz act'. Sons of Kemet er moderne britisk jazz med tråd til både Charles Mingus og Pharaoh Sanders, men lydbiletet er fusionert med grime, soca, afrobeat og dub. Gruppa har gleda og utfordra verda med hybridjazz sidan 2011, no er det endeleg vår tur å få dei på scena.

listen-on-apple-music-badge200.png
  • Facebook

Foto: Udoma Janssen

ARTISTER SAMME DAG: SONS OF KEMET // GARD NILSSEN'S SUPERSONIC ORCHESTRA