top of page
Simin-Tander_Matthis-Kleeb_WEB1.jpg

SIMIN TANDER NEW QUARTET

NATTJAZZ - USF VERFTET
Torsdag 1. juni

Grenselaust vakker vokal!

 

SIMIN TANDER røyst, komponist HARPREET BANSAL fiolin BJÖRN MEYER bass, effektar SAMUEL ROHRER trommer

 

Tysk-afghanske Simin Tander tar heile verda i bruk i musikken sin. Den Oslo-baserte vokalisten drar med seg arven frå Midtausten inn i eit varmt og kraftfullt univers, som undervegs har blitt ECM-plate med Tord Gustavsen og Jarle Vespestad, og samarbeid med Nils Petter Molvær, Jan Bang og Arve Henriksen. Med nytt band samlar ho ein var ECM-estetikk saman med ein unik og særeigen stemmebruk i tekstar om og av sterke kvinner, både poesi på pashto og tolking av Sylvia Plath og Gabriela Mistral. Som ei elegant andrestemme har ho med seg indiske Harpreet Bansal på fiolin. Hypnotisk vakker musikk! 

Foto: Matthis Kleeb

listen-on-apple-music-badge200.png
  • Facebook
  • Instagram
bottom of page