
RKDIA
NATTJAZZ - USF VERFTET
Lørdag 3. juni
Electrofusion!
MORTEN SCHANTZ synth, vokal ANTON EGER trommer
Special guest: MARIUS NESET saksofon
Den eine speler tangentar som ein Gud, den andre speler trommer som den Heilage Andre. Morten Schantz og Anton Eger har bergtatt publikum over i heile verda i band som JazzKamikaze, Phronesis, og med Marius Neset. Med teknisk briljans og jazzlogikk tar duoen rennefart inn i elektronika og power-pop med stor patos, der dei kan finna på å gå frå hypnotiske melodilinjer til å endevenda låtane i sanntid. Til å berre vera to, så lagar dei mykje lyd – men under den flammande energien ligg det gnistrande skjønnheit og stor kjærleik til fengande pop-hooks. Visuelt er det nesten for intenst å ta inn. Eksentrisk og strålande ekstrovert.
Marius Neset speler også konsert på Festspillene i Bergen, søndag 4. juni.