
ODIN STAVELAND Sillajass
Lørdag 4 juni USF Verftet
Tingingsverk frå Vamp-trommeslagaren!
ODIN STAVELAND vokal, trommer, tangentar THOMAS T DAHL gitar, kor KJETIL DALLAND bass, kor ØYSTEIN BRAUT gitar, kor LARS EIRIK STØLE tangentar, kor AKSEL Ø RØED saksofon, kor ARE OVESEN trompet, kor HÅVARD FUNDERUD trombone, kor
Med utgangspunkt i tingingsverket til festivalen med nesten same namn, har den mange gonger Spellemannsnominerte Vamp-musikaren, komponisten og produsenten laga musikk som ikkje heilt er jazz, ikkje heilt er pop, men som har eit eksentrisk hit-potensiale og er hundre prosent Odin Staveland. Ein sjeldan sjanse til å høyra verket med fullt band.
