MazurBalkeNYWEB22.jpg

MAZUR/BALKE/SNEKKESTAD TRIO

Søndag 29 mai

Perkusjonslegende med eigen trio

MARILYN MAZUR perkusjon JON BALKE tangentar TORBEN SNEKKESTAD saksofonar, bassklarinett

Perkusjonsstjerna Marilyn Mazur sin nye trio skulle eigentleg debutera på Nattjazz i 2020, og No er dei endeleg her. Med ein cv som inkluderer Miles Davis, Jan Garbarek, Wayne Shorter og Gil Evans, samt ei lang solokarriere med utgjevingar mellom anna på ECM, så snakkar vi om rytmisk gymnastikk i verdsklasse. I ein skreddarsydd trio tar ho med seg tangenttrollmann Jon Balke frå Jøkleba, Magnetic North Orchestra og Batagraf, og Torben Snekkestad – saksofonisten frå Tri O’trong, Ym:Stammen(!), samt haugevis av eigne prosjekt. Fersk musikk frå ein unik trio!

ARTISTER SAMME DAG: