
MATHIAS EICK QUINTET
NATTJAZZ - USF VERFTET
Fredag 2. juni
Trompetmeister med stjerneband!
​
MATHIAS EICK trompet ANDREAS ULVO flygel TORSTEIN LOFTHUS trommer AUDUN ERLIEN bass MARTIN MYHRE OLSEN saksofon
Trompetisten, Mathias Eick har i snart 25 år blitt kalla eit av verdas største jazztalent, og har med si femte plate på ECM nok ein gong stadfesta påstanden. Der tidlegare utgjevingar og musisering har vore prega av eit liv på reisefot - stadig i retning nye mål og destinasjonar - er "When we leave" frå 2021 eit vitnesbyrd om en fullvaksen kunstnar som har funne sitt unike og eineståande uttrykk. Undervegs har Eick mottatt dei fleste jazzprisar som finns, og – i tillegg til eigne band – jobba tett med Jaga Jazzist, Chick Corea, TJO, Manu Katché, Elvira Nikolaisen og Jacob Young. På scena har han med seg dei beste av dei beste til fantastisk musisering.