MATHIAS EICK

Kind of Blue

FREDAG 22 MAI

Mathias Eick fremfører Miles Davis' legendariske album!

MATHIAS EICK KIND OF BLUE

Fredag 22 mai USF Verftet

Kind of Blue Kind of Eick

MATHIAS EICK trompet  KJETIL MØSTER tenorsaksofon MARTIN MYHRE OLSEN altsaksofon ERLEND SKOMSVOLL piano JOHANNES EICK kontrabass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

I 2019 fylte det legendariske Miles Davis-albumet Kind of Blue 60 år. For å markera åremålet inviterte Oslo Jazzfestival Mathias Eick til å tolka låtane frå plata på nytt. Kind of Blue er eit av dei viktigaste vegkryssa i jazzen – her tok Miles Davis farvel med be-bop og gjekk inn i eit tilbakelent, melodisk og lyrisk landskap. Med brei musikalsk bakgrunn skulle Mathias Eick sjølv vera godt aksla for oppgåva – han slepp eigen musikk på ECM, var med i Jaga Jazzist og Trondheim Jazzorkester, og har jobba med Chick Corea og Manu Katché. Fabelaktig musikk frå framifrå musikarar!

© 2019 by Nattjazz. 

AppleAppstorelogoWEB.jpg
  • Nattjazz på Facebook
  • Nattjazz på Instagram
  • Nattjazz på Twitter
GooglePlaystoreLogoWEB_edited.jpg