maciej-obara-quartetWEB22.jpg

MACIEJ OBARA QUARTET

Torsdag 2 juni

Polsk-norsk fyrverkeri!

 

MACIEJ OBARA altsaksofon DOMINIK WANIA piano OLE MORTEN VÅGAN bass GARD NILSSEN trommer

 

Å prioritera sin eigen kvartett ber frukt – etter intens turnering og finpussing av ei knallsterk samling låtar havna bandet hjå ECM, og debuterte i 2017 med albumet Unloved. Med seg har Obara sambygdingen Dominik Wania (Marilyn Mazur, Tomasz Stańko) som har beina i både klassisk musikk og jazz, samt den dynamiske rytmeduoenOle Morten Vågan (Motif, Trondheim Jazzorkester) og Gard Nilssen (Team Hegdal, Supersonic Orchestra) som leverer fundament i verdsklasse. Lyrisk stil, sterke komposisjonar og eit unikt kollektiv farga og inspirert av den polske komponisten Henryk Mikolaj Górecki.  

listen-on-apple-music-badge200.png
  • Facebook
  • Instagram
ARTISTER SAMME DAG: