
LOUIS COLE
NATTJAZZ - RØKERIET - USF VERFTET
Lørdag 27. mai
"One of Los Angeles's greatest musicians" (Thundercat)
LOUIS COLE vokal, trommer GENEVIEVE ARTADI vokal ISRAEL STROM keys ISIS GIRALDO vokal PETTER OLOFSSON bass DANIEL SUNSHINE lyd
Grammynominert multiinstrumentalist, funky YouTube-fenomen, eksentrisk singer-songwriter, fenomenal vokalist, ein av dei mest særeigne jazzskulerte trommeslagarane på planeten, produsent, komponist, og medgründer av duoen KNOWER – døgnet ser ut til å ha fleire timar disponibelt for Louis Cole enn for dei fleste andre. Legg til samarbeid med Thundercat, Dennis Hamm og Brad Mehldau, og du har ein komplett musikar som skapar djupe kjensler gjennom musikk. Han er også høgst aktuell med sitt fjerde soloalbum, «Quality Over Opinion», som har sikra han gode kritikkar og ein fersk Grammy-nominasjon for låta «Let It Happen». Med eit scenetrøkk knapt nokon kan kopiera, kan dette fort bli den mest morosame elektrofunk-konserten du har vore på.