KOMA SAXO

Torsdag 28 mai USF Verftet

Groovy avantgarde!

 

OTIS SANDSJÖ tenorsaksofon JONAS KULLHAMMAR tenorsaksofon MIKKO INNANEN saksofonar PETTER ELDH kontrabass CHRISTIAN LILLINGER trommer

 

Ikkje sidan Moon Hooch har det vore sånn treblåstrøkk på scena! Koma Saxo er ein svært potent kvintett satt saman av bassist Petter Eldh, samla sett med verdas sterkaste saksofonrekkje, og med ein intensjon om å vera eit «ordentleg» band og ikkje ei supergruppe. Resultatet er blitt snålt, intenst svingande og morosamt på ein gong. Berlinbaserte Petter Eldh er ein ettertrakta produsent, og jobbar mellom anna med Gard Nilsen, Marius Neset og Django Bates, med Koma Saxo kanaliserer han energien i ein futuristisk funky konsert.

listen-on-apple-music-badge200.png

Foto: Juho Luukkainen

© 2020 by Nattjazz. 

AppleAppstorelogoWEB.jpg
  • Nattjazz på Facebook
  • Nattjazz på Instagram
  • Nattjazz på Twitter
GooglePlaystoreLogoWEB_edited.jpg