KnarrFoto-Runhild-Heggem,-Vossa-Jazz_WEB2022.jpg

KNARR

Torsdag 2 juni

Nytt band frå heimflytta stjernebassist

 

INGEBRIGT HÅKER FLATEN bass, komponist METTE RASMUSSEN altsaksofon ATLE NYMO treblås EIVIND NORDSET LØNNING trompet ODDRUN LILJA JONSDOTTIR gitar, vokal OSCAR GRÖNBERG tangentar VESLEMØY NARVESEN slagverk OLAF OLSEN slagverk 

 

Det som skulle bli tingingsverk til Vossa Jazz vart sklitakla av korona to gonger, men fekk endeleg sin urpremiere hausten 2021. I tillegg har vi no fått både plate og nytt band. Etter mange år i Sambandsstatane har Ingebrigt Håker Flaten flytta heimatt og har samla ein gjeng fantastiske skandinaviske musikarar han lenge har hatt lyst å jobba med. Musikalsk fortset reisa frå Chicago-sekstetten og The Young Mothers, der tradisjonell og tilgjengeleg musikk møter eksperimentell undergrunn. Ver budd på alt frå jazz og hip hop til avant garde og rock. 

ARTISTER SAMME DAG: KNARR // m.fl..

Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz