
KENNY GARRETT
NATTJAZZ - USF VERFTET
Onsdag 31. mai
Sounds from the Ancestors
KENNY GARRETT saksofonar JEREMIAH EDWARDS bass RUDY BIRD perkusjon KEITH BROWN piano JAYLEN PETINAUD trommer
Akta som ein av dei viktigaste alt-saksofonistane i sin generasjon, og samtidig ein musikar som vil gje publikum lyst til å sprette opp og danse på konsertane sine. Kenny Garrett fekk "utdanninga" si i Duke Ellington Orchestra og med Miles Davis, seinare vann han Grammy med Chick Corea og John McLaughlin og vart æresdoktor på Berklee. Samstundes har han ei suksessrik solokarriere som no har endt opp med 'Sounds from the Ancestors', der han lar seg inspirera av alt frå Aretha Franklin og James Brown til Sly Stone og Marvin Gaye. Og sjølvsagt John Coltrane. Lyden av jazz, gospel og Detroit i eitt!
Foto: Hollis King