KARIN KROG
& THE IN-BETWEEN-TIMES

Onsdag 1 juni

Vokalistlegende!

KARIN KROG vokal STAFFAN WILLIAM-OLSSON gitar TERJE GEWELT bass
 

Etter meir enn seksti år i jazzteneste – både som utøvar og aktivist - er røysta til Karin Krog framleis klokkerein og hypnotisk. Undervegs er det blitt frijazz, Spellemenn, storband, Norsk Kulturråds Ærespris og St Olavs Orden, samt samarbeid med Dexter Gordon, Archie Shepp, Palle Mikkelborg, Jan Garbarek og Arild Andersen, berre for å nemna ein brøkdel. Med seg har ho Staffan William-Olsson (The Real Thing, Mezzoforte, Hot Club de Norvège) og Terje Gewelt med tolv soloplater og over hundre plateinnspelingar i skjeftet, mellom anna med Billy Cobham og Dag Arnesen. Gripande og virtuost samspel med originalkomposisjonar og utval frå den store amerikanske songboka.   

Karin_Krog_byMariaGosséWEB22.jpg

Foto: Maria Gossé

listen-on-apple-music-badge200.png
ARTISTER SAMME DAG: