Scofield_Trio_NickSuttle_WEB02022.jpg

JOHN SCOFIELD TRIO

Søndag 29 mai

Høgaste trio-standard

 

JOHN SCOFIELD gitar VICENTE ARCHER bass BILL STEWART trommer

 

Gitarlegende John Scofield tar med seg leikekameratane sine frå dei siste åra - Vicente Archer (Norah Jones, Stanley Jordan) og Bill Stewart (Maceo Parker, Pat Metheny) – på scena i ei avslappa blanding av eigne komposisjonar, standarlåtar og kva som no fell dei inn denne kvelden. John Scofield blir berre kulare dess eldre han blir og den melodiske tilnærminga, saman med ein utanomjordisk teknikk, har gjeve han eit publikum langt utanfor jazzkyrkjelyden. Frå samspel med Miles og Mingus til Medeski, Martin & Wood – Scofield har ei karriere som spenner over fleire tiår, og lista over innspelingar står støtt i nyare musikkhistorie. Eit intimt møte med ein av verdas beste gitaristar.

ARTISTER SAMME DAG: JOHN SCOFIELD TRIO // JOÃO BOSCO & HAMILTON DE HOLANDA // MAZUR/BALKE/SNEKKESTAD TRIO

listen-on-apple-music-badge200.png
  • Facebook