JOHAN LINDSTRÖM SEPTETT

Lørdag 30 mai USF Verftet

Superband frå mestergitaristen

JOHAN LINDSTRÖM gitar, pedalsteel JONAS KULLHAMMAR saksofon JESPER NORDENSTRÖM tangentar PER «TEXAS» JOHANSSON saksofon, klarinett MATS ÄLEKLINT trombone TORBJÖRN ZETTERBERG kontrabass KONRAD AGNAS trommer

Som bakmann har Johan Lindström jobba med dei fleste. I pop-verda er han å sjå bak Susanne Sundfør og Ane Brun, samt i samarbeid med Freddie Wadling og Agneta Fältskog. Heime i jazzen var han med å starta Tonbruket. No kjem han med eigen musikk i ein handplukka septett som miksar jazz, blues og artrock i ei kokande blanding av komp og solistar. Og for eit band! Her er dei kulaste musikarane i Sverige på same scene samstundes – kvar for seg har dei tidlegare gjort legendariske jobbar på Nattjazz, no står dei samla i noko som godt kan bli konserten alle snakkar om etter festivalen. 

JohanLIndCOver.jpg

© 2019 by Nattjazz. 

AppleAppstorelogoWEB.jpg
  • Nattjazz på Facebook
  • Nattjazz på Instagram
  • Nattjazz på Twitter
GooglePlaystoreLogoWEB_edited.jpg