JazzISikte.jpg

JAZZ I SIKTE-VINNERE:
Joscha's Midnight Preachers

Tacken Touz

Onsdag 26 mai USF Røkeriet

JOSCHA'S MIDNIGHT PREACHERS
 

SIMEN AMUNDRUD trommer VETLA AAKRE LAUPSA bass MARKUS B ÅRSLAND tangentar JONAS CHRISTIANSEN gitar JONAH LOWRY trompet JOSCHA ERNST saksofon

 

Den Stavanger-baserte sekstetten speler open musikk basert på Joscha Ernst sine komposisjonar. Sentralt i estetikken er fokuset om å utforske og utfordre musikalske situasjonar. Inspirert frå mellom anna Sonny Rollins, Roy Hargrove og Joshua Redman, eksperimenterer JMP rundt improvisert og dansbar riff-musikk. Med leiken musikalsk tilnærming byr bandet på musikk med stort spenn i både dynamikk, form og uttrykk. Opne og enkle komposisjonar gjev vakne solistar rom for å skapa leikne, musikalske tankerekker, tett støtta av eit presist komp. Joscha’s Midnight Preachers er eit band med mykje vilje og entusiasme, glitrande samspel og god driv.

JoschasMidnightWEB.jpg
  • Facebook
  • Instagram

TACKEN TOUZ

 

ISACH SKEIDSVOLL piano ANDERS HJEMMEN bass SIGURD STEINKOPF trommer

 

Open og leiken musikk som  vekslar mellom det streite og sprøe frå tre instrumentalistar som allereie er komen langt i utviklinga. Tett samspel og høgt energinivå balansert med varsame lydlandskap. Herlege improvisasjonar med morosame referansar til ulike jazz- og bluestradisjonar frå ein trio som spelar kvarandre betre. Musikk som vil både underhalde og begeistre! 

Tacken-touzWEB.jpg

ARTISTER SAMME DAG: 
RØKERIET: BERGEN UNGDOMSSTORBAND & IVAR KOLVE
RØKERIET:  JAZZ I SIKTE