
EIVIND AUSTAD TRIO
NATTJAZZ - USF VERFTET
Torsdag 1. juni
Lokalt piano-gull!
EIVIND AUSTAD piano MAGNE THORMODSÆTER bass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer
Vanlegvis er Eivind Austad opptatt med å få andre til å låta betre – ikkje minst på Jazzlinja i Bergen der han legg til rette for nye generasjonar av musikarar. No er det på høg tid å visa fram at jazzgeneralen på Griegakademiet også er ein fabelaktig utøvar. Med melodisk teft som ein moderne Bill Evans og rytmikk som Keith Jarrett – kombinert med ein grunnleggjande kjærleik til blues og soul, framfører Austad musikk som treff både hjarte og hjerne – enten det er eigne låter, Cole Porter eller David Bowie. Med seg har han bassist Magne Thormodsæter kjend frå Bergen Big Band, samt hundrevis av små og store prosjekt i Bergen, og supertrommeslagar Håkon Mjåset Johansen frå mellom anna Come Shine, Trondheim Jazzorkester og Chick Corea.