DONNY MCCASLIN 

Tirsdag 31 mai

Fullt trøkk frå Bowiesaksofonisten!

 

DONNY McCASLIN saksofon JASON LINDNER tangentar TIM LEFEBVRE bass NATE WOOD trommer

 

Enten det er magisk samspel med David Bowie, eller hardtslåande, men like fullt melodisk jazz med eiget band, skapar saksofonist Donny McCaslin vedunderleg musikk. Det tette samarbeidet med Bowie på Blackstar introduserte den grammynominerte bandleiaren til eit breiare publikum, men det er stadig jazzen som står han nærast. Gjennom karriera har han overtatt for Michael Brecker i Steps Ahead, turnert med Gil Evans Orchestra, Maria Schneider og Dave Douglas, berre for å nemna nokre få. Med seg har han tangenttrollmann Jason Lindner og bassist Tim Lefevre, som begge spelte på Blackstar-plata til David Bowie, samt Nate Wood, multiinstrumentalisten som har turnert med det meste frå Sting og Chaka Kahn til Wayne Krantz og Tigran Hamasyan.

NB! Røkeriet: Denne konserten har både sitteplasser og ståplasser i salen. Røkeriet har i tillegg alltid et begrenset antall sitteplasser på galleriet. Det er dessverre ikke mulig å reservere seter. Vil du ha sitteplass, vær tidlig ute!

  • Facebook
  • Instagram
listen-on-apple-music-badge200.png
DonnyMccaslin_WEB22.jpg
ARTISTER SAMME DAG: