
AMALIE HOLT KLEIVE
NATTJAZZ - USF VERFTET
Torsdag 1. juni
Unikt vokaltalent!
AMALIE HOLT KLEIVE vokal, elektronikk, keys VETLE JUNKER gitar, keys JAKOB SØNNESYN bass GABRIELA GARRUBO vokal RAKEL EMILIE PAULSEN vokal ELIAS TAFJORD trommer
​
Amalie Holt Kleive er jazzvokalisten som lagar rørande og dansbar elektronisk musikk. Ho kombinerer spanande vokalmelodiar med improvisasjon og harmonikk frå jazzen, med beats frå house og elektronika, og er inspirert av tekst frå dikt og visesong. Saman vert uttrykket noko heilt eige og veldig, veldig vakkert. «Musikk setter folks følelser i sving, musikk kan gi helt sinnsyke opplevelser, musikk skaper og lagrer minner, og det er for meg noe av det viktigste jeg har i livet.» Ein musikar med kjærleik for framføringa, og straks din nye favorittvokalist.
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes