top of page
AllGoodNews1.jpg

ALL GOOD NEWS IS NEW

NATTJAZZ - USF VERFTET
Lørdag 3. juni

Ny musikk frå Thomas Dahl!

 

THOMAS T DAHL komponist, gitar, røyst, elektronikk SISSEL VERA PETTERSEN saksofon, røyst, elektronikk VESLEMØY NARVESEN trommer, røyst MATS EILERTSEN bass, elektronikk

 

Fire lyttande musikarar som kvar for seg bringer ei unik stemme inn i det utvida jazzlandskapet, tar føre seg komposisjonar av Thomas Dahl – der alle saman har fritt leide til å dytta musikken i den retninga dei måtte ønskje. Sjølv om utgangspunktet kan vera komplekst og abstrakt har Dahl alltid hatt eit lag med iøyrefallande pop-teft, og dette er ikkje noko unntak. Ein bokstavleg talt unik sjanse til å høyra kva magi fire meistermusikarar spontant kan dele saman. 

 

Som medlem i Krøyt, Dingobats, BMX og Voksne Herrers Orkester, eller som leigesoldat for Lill Lindfors, Ephemera og Herborg Kråkevik, har Thomas Dahl alltid klart å gjera musikarane og musikken rundt seg betre. Han har ein kolossal teknikk som han syner fram i smakfulle dosar, kombinert med eit sjangeroverskridande lynne som handterar alt frå metall til frijazz til pop.

bottom of page