top of page
Aarset_SQR1500_WEB.jpg
AARSET
Henriksen_SQR_WEB_edited.jpg
HENRIKSEN
Molvaer_SQR1500_WEB.jpg
MOLVÆR
Bang_SQR_WEB_edited.png

SØNDAG 28 MAI

BANG

MOLVÆR / AARSET / BANG / HENRIKSEN / ØSTENSJØ

NATTJAZZ - RØKERIET - USF VERFTET
Søndag 28. mai

Moderne legender i splitter nytt superband!

 

NILS PETTER MOLVÆR trompet, elektronikk JAN BANG live-sampling EIVIND AARSET gitar, elektronikk

ARVE HENRIKSEN trompet, elektronikk GEIR ØSTENSJØ lydteknikk

 

Kvar for seg har desse musikarane headlina eit lass av festivalar, spelt på haugar av plater, og stadig vekk redefinert både jazz og elektronisk musikk. Samtlege har undervegs klart å ivareta eigen identitet og integritet samstundes som musikken er veldig tilgjengeleg. Saman er dei Noregs ferskaste superband – klar for å blåse deg overende. Trompetist Nils Petter Molvær har sin eigen signatur, og kjem frå eit lengre samarbeid med Sly & Robbie, medan Eivind Aarset har rolla som det sofistikerte rocke-alibiet. Improvisatoren med verdas mest finstemte øyrer – Arve Henriksen – ivaretar det spontane, medan live-samplar Jan Bang held trådane saman. Legg til Geir Østensjø på lydmagi, og verdas mest komplette jazzelektronika-band er i mål – alt medan Jon Hassell svevar over vatnet.

bottom of page