Nattjazz på Facebook Nattjazz på Twitter NATTJAZZ RSS         

FANFARE CIOCARLIA (ROM)


FANFARE CIOCARLIA (ROM)
FANFARE CIOCARLIA (ROM)
FANFARE CIOCARLIA (ROM)

Rumensk speedbalkanorkester

Dersom du ser på eit kart over Romania vil du neppe finna Zece Prajini, den lille landsbyen Fanfare Ciocarlia kjem frå. Der spelte hobbymusikarane stort sett i bryllaup og på festar då dei på slump vart oppdaga og fekk sjansen til å gjera nokre spelejobbar i Europa.
Det villaste balkanbandet på planeten er no klar for Nattjazz. Med eit uvanleg talent for intrikate rytmar og svimlande tempo er dette musikk som vil få det til å rykke i smilerynker og danseføtter samstundes. Enten dei framfører den særaste versjonen av ”Born to be wild” nokonsinne, eller eit samansurium av tyrkisk, bulgarsk og rumensk folkemusikk er det gjort med imponerande presisjon og humørfylt driv.

http://www.asphalt-tango.de/fanfare/artist.html
http://www.myspace.com/fanfareciocarlia

Scene
USF VERFTET - RØKERIET
Konsertstart
22:30
Info
Adgang med: Festivalpass, Nattpass 1, Dagspass - torsdag 27. mai
Billett