


Kubanske verdsstjerner med Grammypris og Oscarnominasjon
Sjølv om salsa, mambo og rumba er kjente omgrep blant dansarar og musikkinteresserte, så er det Buena Vista Social Club dei fleste forbind med kubansk musikk. I 1996 reiste Ry Cooder til Havana og samla nokre av dei mest respekterte musikkveteranane på Cuba. Resultatet vart ein Grammypris og den mestseljande verdsmusikkplata nokonsinne. Dokumentarfilmen om gruppa vart nominert til Oscarpris.
Kubansk musikk har alltid hatt evna til å ta i seg element frå både europeisk og afrikansk tradisjon, og denne musikken er ikkje noko unntak. Med kompliserte og synkoperte linjer glir instrumenta saumlaust i kvarandre, med ein puls og rytme som gjer det umogleg å sitje stille.
”This is the best thing I was ever involved in.” (Ry Cooder)
FØR OG ETTER KONSERTEN: egen DJ session - heftig, dansbar latino med Cubanissimo Special - DJ Giovanni.
http://www.myspace.com/buenavistasocialclub
http://www.buenavistasocialclub.com/