


Funky sjangermiks frå kongen av ethio-jazz
MULATU ASTATKE vibes/timbales/conga JAMES ARBEN flute/obo/tenorsax DANNY KEANE keyboards/cello BYRON WALLEN trumpet TOM SKINNER drums KADIALY KOUYATE kora DAVIDE MANTOVANI bass RICHARD OLATUNDE BAKER percussion
Ein av Etiopias aller fremste musikarar og opphavet til sjangeren ethio-jazz, der vestleg jazz møter tradisjonelle etiopiske melodiar. Mulalu Astatke er en sann pionér innen afrikansk musikk med ein produksjon som så til de gradar har tålt tidas tann, samstundes som han heldt seg vital og aktuell i samarbeid med Heliosentrics og Jim Jarmusch. Musikken er eit mylder av ulike inspirasjonar smelta saman; austleg mystikk fusjonerar med funk, reggae og John Coltrane; 70-tals explotationfilm-soundtracks og James Brown blandar seg med tunge latinske rytmer. Med tropiske røtter og ein berusande verknad er Mulatu Astatke ein distinkt utøvar for noko av det mest sjelfulle som nokon gong er registrert frå Mor Afrika.
http://www.myspace.com/mulatuastatke